Informasjon
asd
 
Det vil bli kåra vinnarar i 4 kategoriar. Dei påmelde bedriftene blir automatisk meldt opp i alle kategoriar, så blir det opp til juryen å bestemme kva klasse som er aktuell for bedriftene.
Kategoriar:
1. Beste videopitch
Videopitchen er på opptil 2 minutter og skal publiserast på Youtube. Lenkja til videoen skal sendast inn her innan DATO. De kan enten lage ei 
Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier:
  • Videopitchen formidlar elevbedriftas forretningsidé på ein tydeleg måte
  • Elevbedriftas produkt eller teneste er godt synleg og kjem godt fram i videoen
  • Elevane presenterer bedrifta og idéen med innleving og engasjement
2. Beste teneste eller produkt
Juryen vil legge vekt på fylgjande kriterier:
Teneste
  • Kvalitet på tenesta
    - Planverk / dokumentasjon / innhald i tenesta
  • Gjennomføring av tenesteyting / salg av tenesta
    - I kva grad har bedrifta solgt / gjennomført tenesta?
  • Eventuelle attendemeldingar frå brukarar
    - Brukerundersøking
    - Evaluering av tenesta
  • Personleg uttrykk
    - Sals- og presentasjonsteknikk, kunnskap om tenesten og samspell i bedrifta
Produkt
  • Kvalitet på produkt
  • Produktdesign
  • Verdiskapingspotensiale
  • Personleg uttrykk
    - Sals- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap og samspel i bedrifta
3. Bærekraftprisen
Elevbedrifter som satsar på klima- og miljøtiltak kan delta i denne konkurransen. Konkurransen er delt i to, og begge utgangspunkta kan danne grunnlag for påmelding. 
1. Elevbedrifta har ein "grøn" forretningsidé. Det vil med andre ord sei at:
  • Produktet eller tenesta i elevbedrifta skal ha som føremål å aktivt ta omsyn til klima- og miljø.
  • Forretningsidéen skal fremje og utvikle klima og miljøtiltak. Desse skal vere retta direkte mot elevbedrifta sine produkt/tenester
  • Forretningsidéen tek sikte på å fremje holdningsskapande arbeid innanfor klima/miljø
2. Bedrifta har ein klar miljø- og klimaprofil. Det vi med andre ord sei at: 
  • Bedrifta har gjort Klima- og miljøvenlege tiltak. Døme på dette kan vere miljøvenleg avfallshandtering, reduksjon i bruk av papir, reduksjon i form av utslepp, energisparande tiltak og liknande.
  • Bedrifta har laga ein kort rapport om klima- og miljøtiltak i elevbedrifta og for produktet/tenesta.
4. Beste Elevbedrift
Juryen vil vektlegge fylgjande fem vurderingskriterium. Vurderingskriteria blir vekta likt. 
Verdiskaping. (20%)
Erfaringslæring (20%)
Kreativitet og innovasjon (20%)
Samarbeid (20%)
Tverrfagleg arbeid (20%)
 
 
Om noko er uklart eller dersom de treng hjelp, ta kontakt med Fridtjov Falch Sorø på fridtjov.soro@ue.no
Påmelding
Frist 12. mars. 
Innlevering av video
Frist 24. mars.