Informasjon
Link til sendinga onsdag 21.04 kl 10.00: Elevbedriftsmessa i Sogn - YouTube
Årets Sognemesse vil i år gå føre seg delvis lokalt på skulane og delvis via livestream. Kvar skule skal arrangere ei lokal messa, der ein lokal jury bestemmer kva elevbedrift som skal representere klassen under Sognemessa. Skular med ein klasse får delta med ei bedrift, medan skular med fleire paralellar får delta med to. Frist for å arrangera lokal messe er veke 9. Skulane bestemmer sjølve korleis denne messa blir gjennomført. 
 
Bedriftene som skal vere med på Sognemessa må melde seg på her inna fredag 12. mars. Her skal de legge inn opplysningar, logo og bilete. Bileta som blir sendt inn kan bli brukt under direktesendinga for å syna fram vinnarbedriftene. Om ein ikkje ynskjer dette så kan ein la vere å vere med på bilete. 
 
Under Sognemessa vil vinnarbedriftene bli bestemt ut i frå ein video som må sendast inn innan onsdag 24.mars og intervju med jury på teams måndag 12 april. 
Under sjølve dagen som Sognemessa går av stabelen onsdag 21 april, vil første del foregå på skulen. Dette vil vere mellom klokka 9.00 og 10.00. Her oppfordrast skulen til å få inn nokon eksterne frå lokalt næringsliv eller næringsutvikling som kan snakka om entreprenørskap og næringsutvikling lokalt. Skulane blir oppfordra til å sjølve skapa eit innhaldsrikt og interessant program denne timen. Siste del vil føregå via livestream mellom klokka 10.00 og 12.00. Her vil blant anna vinnarbedriftene bli presentert. Denne dagen er meint for både 8. og 9. klasse. Skulane vil få link til streamen tilsendt. 
Videoen som skal sendast inn skal vere på opptil 3 minutter, og skal publiserast på youtube. Youtubelenkja skal sendast inn her innan onsdag 24 mars. I videoen må de presentera elevbedrifta og produktet/tenesta. Den bør også innehalde informasjon om konkurransekriteriuma(sjå under).  Videoen de sender inn vil bli vist under direktesendinga. Tips til videoredigeringsverktøy er Corel videostudio som har 30-dagers gratis prøveperiode. Men elevane må gjerne nytte program som dei har frå før, eller er kjente med. Om ein synast det er vanskeleg å lage ein video, så kan ein også filme ein presentasjon og sende inn denne.
Det vil bli kåra vinnarar i 6 kategoriar. Dei påmelde bedriftene blir automatisk meldt opp i alle kategoriar, så blir det opp til juryen å bestemme kva klasse som er aktuell for bedriftene.
Kategoriar:
1. Beste elevbedrift
-Korleis har bedrifta marknadsført seg?
-Produktet/tenesta til bedrifta
-Korleis ein kom fram til ideen
-Økonomisk oppstilling/budsjett/rekneskap
2. Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt
-Tek utgangspunkt i lokalsamfunnet
-Nytenkjande
-Kjem innbyggjarane til nytte
3. Beste ide
-At ideen er innovativ og nyskapande
-At ideen er mogleg å gjennomføre
-Korleis har ein kome fram til ideen?
4. Beste klima og miljøtiltak/berekraftprisen
-Løysingane er kreative
-Er det nye idear?
-Vil ideen bidra til å redusere forbruk eller mengda på avfall?
-Kan ideen gjennomførast?
5. Beste video
-Estetisk uttrykk og redigering av video
-Personleg uttrykk, formidling og munnleg presentasjon
6. Beste salsbedrift
-At bedrifta har sal og inntening
-Treng ikkje alltid vere nye idear, men at bedrifta klarer å selje
Om noko er uklart eller dersom de treng hjelp, ta kontakt med Fredrik Jarstadmarken på fredrik.jarstadmarken@ue.no
Påmelding
Frist 12. mars. 
Innlevering av video
Frist 24. mars.